Benedicte - Studieblogg
Digital kompetanse for læringsarbeid
fredag 15. april 2011
søndag 27. mars 2011
Informasjonskompetanse
Det store norske leksikon definerar omgrepet informasjonskompetanse: "...en samling av ferdigheter som gjør en person i stand til å identifisere når informasjon er nødvendig, og som setter vedkommende i stand til å lokalisere, vurdere og effektivt anvende denne informasjonen".
Eg har ikkje mykje praksis som lærar, berre nokre få vikartimar, i tillegg til at eg har vore i praksis 13 veker tilsaman. Men eg har nærmast heile livet vore elev sjølv, og eg har sjølv opplevd korleis ein "bør" ta i bruk kjelder når ein skriv fagtekstar etc.
Det har ikkje vore faste rammer rundt dette med kjeldetilvising frå dei lærarane eg har hatt tidlegare. Dette gjer det vanskeleg for dei elevane som ikkje har dette "filteret" innebygd, som kan hjelpe dei med kva som er dugeleg informasjon og kva som ikkje er det. Andre utfordringar er å unngå å ta "snarvegar" ved å kopiere og lime inn i tekst utan å henvise til kjelder. Dette blir oftast fort oppdaga, då lærarane kjenner elevane godt nok til å kunne tvile på om eleven har skrive det, og finne ut av det.
Tord Høvik snakkar om at lærarane krev for mykje av elevane, og eg meinar han har mykje rett i dette. Elevane burde få tilrettelagt til dømes linkar til sider eller bøker dei skal hente informasjon frå, særskilt i byrjinga. Deretter ha ei naturleg utvikling av utviding området dei kan hente informasjon frå. Elevane må lære korleis ein bruker kjelder, det er ikkje noko ein kan forvente at dei skal kunne frå før.
Ang.kjeldetilvising er ei anna viktig føresetning at lærarane har dei same forventingane til oppsett og utsjånad. Det skapar forvirring om dei har ulike meiningar om dette. Dette kjennar eg igjen til og med på Høgskulen. Lærarane må ha felles rammer, for å gje elevane betre opplæring og kompetanse i å ta i bruk informasjon.
Kjelder:
Erdal, Ivar John (2011) Informasjonskompetanse. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i LMS.

fredag 4. mars 2011
Google Earth/Maps i undervisinga
Under samling 2 i DKL102 fekk vi i oppgåve å lage eit undervisingsopplegg der vi skulle ta i bruk Google Earth eller Google Maps for å gi undervisingsopplegget meirverdi. Vi i gruppe 9 valte å ta i bruk faget Naturfag. Elevane skal gå på tur i Ulsteinvik opp til eit vatten - gjennom V-dalen. Dei skulle på førehand planleggje turen sin med å lage ein sti med dei tidlegare nemnde verktya. På turen skal dei dokumentere det dei ser skriftleg og med bilete/video. Kusumre er blomsteren dei skal særleg sjå etter. Kraftverket opp med "Lisjevatnet" skal også undersøkast. Bilete og informasjon dei får tak i skal "geo-taggast" på Google Maps. Her er ein link til ei slags løysing vi har byrja så vidt på. Du kan også sjå det på biletet ovanfor.Vi ser at Google Earth/Maps gir meirverdi ved at dei får ei oversikt over terrenget før dei tek turen, dei får planleggje den i førevegen, dei kan dokumentere det i ettertid og presentere det dei har funne til resten av klassa visuelt.
Etiketter:
DKL102,
Google Earth,
Google Maps,
Samling 2
mandag 14. februar 2011
Generasjon.com
Tønnesen (2007) omtalar ein generasjon som blir kalla "generasjon.com", eller "sesam generasjonen". Det er den generasjonen som såg Sesam Stasjon i førskulealderen, og som var avgangselevar i 2008/2009 frå vidaregåande skule. Dette betyr at eg er ein av dei som tilhøyrar denne generasjonen. Vi har vakse opp saman med den store medieutviklinga, og den har blitt ein naturleg del av vor kvardag.
Som 7 eller 6.klassing fekk eg meg min første mobiltelefon, og etter dette har utviklinga gått i ei rasande fart. Til saman har eg hatt 7-8 telefonar på berre 9 år! Eg har hatt to eigne laptopar, samtidig som heimen har hatt opptil fleire stasjonærar. Frå å vere tolmodig ventar på at datamasking skal arbeide med å kome seg inn på ulike sider, eller laste ned ulike program, har eg blitt utolmodig. Det bør gå rimelig raskt om eg ikkje skal bli irritert, noko som er rart - for det er ikkje mange andre ting eg blir utålmodig av.
"Framveksten av stadig nye medier har nærmest blitt en normaltilstand i vår kultur. Dermed har det å lære seg å håndtere nye medier og kommunikasjonsformer også blitt en kontinuerlig prosess som faller "naturlig" for den generasjonen som vokser opp ved inngangen til ett nytt årtusen" (Tønnesen, 2007:27)
Dette er noko som eg har oppleve sterkt i dei seinare tider - den forskjellen det er på meg og til dømes foreldra mine. Dei spør meg ofte om råd og hjelp til å handtere ulike program på dataen. Det kan vere eit program eg ikkje har brukt før, men likevel er det ingen sak å hjelpe dei berre med å få eit raskt overblikk over korleis det fungerar. Generasjon.com har lært seg det meste med dataen berre ved å finne fram sjølve, utan å bruke hjelp frå videoar på youtube eller lese bruksanvisningar. Dette er det dei som ikkje har lært seg slit ekstra med, dei er redde for å trykke på knappar som kan øydeleggje for dei, medan vi veit korleis vi kan kome oss tilbake til utgangspunktet om det blir gjort ein feil. Om ein så må trå til med å trykkje på "System gjenoppretting", "angre" eller at der er andre løysingar.
Sjølv bruker eg internett til å finne ut av både små og store spørsmål eg har. Når eg les pensum, og om der er eit ord eg ikkje skjønar - har eg som regel dataen ved sidan av, og berre ved å skrive det inn på google, vil wikipedia eller andre informasjonssider dukke opp og forklare omgrepet på ein enkel og tilfredsstillande måte.
Som sagt i tidlegare blogginnlegg, fungar også internetten til å fremje det "sosiale liv". Datamaskina og internetten er allsidig, og blir dermed brukt til det aller meste som føregår i liva til mange unge. Å skrive oppgåver på datamaskina går også kanskje 5-10 gongar raskare, dessutan ser det meir oversiktleg og penare ut.
Det er ein forskjel blant folk no på denne tida, og det er viktig å hengje med som lærar på den utviklinga innan det digitale til elevane. Ein må berre ta seg tid til å finne ut av korleis ein skal bruke det, og som tidlegare nemnt har youtube videoar som kan forklare frå dei enklaste til dei meir vanskelege ting.
Eg lurer på korleis livet mitt hadde vore utan data og mobiltelefon... Eg er glad eg slepp å tenkje noko meir på det.
Kjelder:
Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo,
Universitetstforlaget.
Andre kjelder:
Bilete henta frå: Hardware.no [Internett] Tilgjengeleg frå: <http://www.hardware.no/artikler/jon_vil_ha_datamaskin_uten_operativsystem/69617> [Lasta ned: 14.02.11]
Som 7 eller 6.klassing fekk eg meg min første mobiltelefon, og etter dette har utviklinga gått i ei rasande fart. Til saman har eg hatt 7-8 telefonar på berre 9 år! Eg har hatt to eigne laptopar, samtidig som heimen har hatt opptil fleire stasjonærar. Frå å vere tolmodig ventar på at datamasking skal arbeide med å kome seg inn på ulike sider, eller laste ned ulike program, har eg blitt utolmodig. Det bør gå rimelig raskt om eg ikkje skal bli irritert, noko som er rart - for det er ikkje mange andre ting eg blir utålmodig av."Framveksten av stadig nye medier har nærmest blitt en normaltilstand i vår kultur. Dermed har det å lære seg å håndtere nye medier og kommunikasjonsformer også blitt en kontinuerlig prosess som faller "naturlig" for den generasjonen som vokser opp ved inngangen til ett nytt årtusen" (Tønnesen, 2007:27)
Dette er noko som eg har oppleve sterkt i dei seinare tider - den forskjellen det er på meg og til dømes foreldra mine. Dei spør meg ofte om råd og hjelp til å handtere ulike program på dataen. Det kan vere eit program eg ikkje har brukt før, men likevel er det ingen sak å hjelpe dei berre med å få eit raskt overblikk over korleis det fungerar. Generasjon.com har lært seg det meste med dataen berre ved å finne fram sjølve, utan å bruke hjelp frå videoar på youtube eller lese bruksanvisningar. Dette er det dei som ikkje har lært seg slit ekstra med, dei er redde for å trykke på knappar som kan øydeleggje for dei, medan vi veit korleis vi kan kome oss tilbake til utgangspunktet om det blir gjort ein feil. Om ein så må trå til med å trykkje på "System gjenoppretting", "angre" eller at der er andre løysingar.
Sjølv bruker eg internett til å finne ut av både små og store spørsmål eg har. Når eg les pensum, og om der er eit ord eg ikkje skjønar - har eg som regel dataen ved sidan av, og berre ved å skrive det inn på google, vil wikipedia eller andre informasjonssider dukke opp og forklare omgrepet på ein enkel og tilfredsstillande måte.
Som sagt i tidlegare blogginnlegg, fungar også internetten til å fremje det "sosiale liv". Datamaskina og internetten er allsidig, og blir dermed brukt til det aller meste som føregår i liva til mange unge. Å skrive oppgåver på datamaskina går også kanskje 5-10 gongar raskare, dessutan ser det meir oversiktleg og penare ut.
Det er ein forskjel blant folk no på denne tida, og det er viktig å hengje med som lærar på den utviklinga innan det digitale til elevane. Ein må berre ta seg tid til å finne ut av korleis ein skal bruke det, og som tidlegare nemnt har youtube videoar som kan forklare frå dei enklaste til dei meir vanskelege ting.
Eg lurer på korleis livet mitt hadde vore utan data og mobiltelefon... Eg er glad eg slepp å tenkje noko meir på det.
Kjelder:
Tønnesen, E. S. (2007). Generasjon.com - Mediekultur blant barn og unge, Oslo,
Universitetstforlaget.
Andre kjelder:
Bilete henta frå: Hardware.no [Internett] Tilgjengeleg frå: <http://www.hardware.no/artikler/jon_vil_ha_datamaskin_uten_operativsystem/69617> [Lasta ned: 14.02.11]
søndag 13. februar 2011
IKT som ressurs i tilpassa opplæring
Den norske skulen i dag får meir og meir tilgang til datamaskiner og andre digitale verkty. Det som er problemet hos mange skular i dag, er at dei ikkje blir nok nytta. Dette kan det vere mange årsakar til, men ei av dei som går igjen er at lærarane ikkje veit korleis dei kan nytte dei på ein måte som gir meirverdi i undervisinga.
Då eg var i praksis opplevde eg at det var fleire mulegheiter å ta i bruk datamaskinene til, og eg vil dele nokre av dei erfaringane eg såg datamaskinene blei nytta til.
I byrjaropplæringa, er det mange elevar som slit med det skriftlege språket, og stor og liten bokstav blir det ofte kaos om. Når elevane fekk skrive på data, viste vi dei kvar "Caps Lock" knappen var, og medan dei trykte på dei store bokstavane, fekk dei sjå korleis dei små såg ut. Dessutan fekk dei som ikkje hadde finmotorikken inne, skrive dei utan å måtte tenkje over dette. Elevane skreiv også med "hemmeleg skrift", der dei fekk skrive bokstavane og føle glede over skriving. Dei visste ikkje kva dei skreiv, og det var ikkje det som var poenget her - skriveglede var målet. Glade vart vi for dei som kom og ville sjå saman med lærar om der var nokon "ordentlege" ord i teksten.
To elevar som trengde spesial undervising i lesing brukte lydopptak som hjelpemiddel. Dei fekk tekstar å øve på heime, så las ein og ein teksten inn på lydopptak på datamaskin og fekk sjølve høyre etter korleis dei las. Dei fekk høyre kvar det ikkje var samanheng, og kvar dei ville gjere det annleis. Digitale hjelpemiddel gav desse to meirverdi på denne måten, utan det kunne dei ikkje høyre seg sjølve som lesarar. Lærar trengde ikkje gje tilbakemeldingar, men elevane høyrde sjølve kvar det ikkje stemde. Dei var også stolte av å kunne lagre dei beste lydklippa i sine eigne digitale mapper på dataen, og kunne følgje med framgongen sin.
Som tilpassa opplæring kan datamaskiner vere med som ein ressurs, berre læraren er obs på alle dei mulegheitene ein har.
onsdag 2. februar 2011
Samansette tekstar
Det er i dag muleg å lage samansatte tekstar enklare enn nokon gong, ved å bruke bilete, tekst og lyd på same tid! Til høgre ser du eit bilete laga i programmet "Comic Life", eit program ein kan laste ned frå denne sida. Her får ein laste ned programmet og behalde det gratis i 30 dagar, før ein må betale for lisensen. Med dette programmet er det lett å lage teikneseriestriper. Som er samansette tekstar, bilete og tekst.
Det meste av det vi les er samansette tekstar, både i aviser, nettaviser, sosiale medier, studentbloggar etc. Dette kan vere med å gjere lesinga lettare, ein treng ikkje berre sjå føre seg men også få teksta visualisert. Dette er absolutt noko ein må ta seg nytte av i skulen. Tekstar og emne elevane kan synes er kjedeleg kan ein muntre opp med bilete, video og film! Her har ein utallige mulegheiter!
Biletet til venstre er eit av mine favorittar, det er då altså bestevenninna mi som heiter Sunniva, og eg skal då forestille den grisen du ser. Om biletet ikkje hadde teksten, hadde ikkje bodskapen kome fram på same vis.
Teksten aleine hadde heller ikkje kunne formidla bodskapen aleine.
Kjelder
Antvort. K og Sæterås K, (2011) Samensatte tekstar. Høgskulen i Volda: Publisert som PDF i
LMS
Comic Life, Tilgjengeleg frå: <http://plasq.com/products/comiclife/win> [Lasta ned 02.02.2011]

![]() |

mandag 24. januar 2011
Mindomo Tankekart
(Biletet blir tydelegare om du trykkjer på det)
Det kan diskuterast om det digitale tankekartet gir meirverdi eller ikkje. Gir det fordelar som papiret ikkje kan gi? Eller er det for tidkrevjande? På dette biletet finn du fordelar og ulemper, og ein kan heilt sikkert finne fleire.
Eit tankekart ein har digitalt, har ein lett tilgjengeleg om ein har kompetanse til å bruke det. Mindomo tankekart som er brukt her, er gratis. Det einaste ein treng å gjere er å gå inn på www.mindomo.com, og lage seg ein konto med mail adressa si.
Det digitale tankekartet Mindomo kan gje meirverdi på den måten at ein kan dele det med andre. Dermed kan personar jobbe med det same tankekartet på to ulike stadar på jordkloda. Dette blir vanskelegare med papir. Ein kan i tillegg skrive ut tankekartet på papir om ein vil det. Mange kan synes at det blir dyrare å bruke pc, eller krevjande å alle tide måtte ha den med - og det kan også vere eit poeng.
Med tanke på lagring og å ha tankekartet tilgjengeleg, kan det vere lettare å lagre det på datamaskina enn i ein papirbunke (perm). Det kan vere lettare at papir forsvinn, sjølv ein med dataproblem kan miste det eller å trykke på feil knapp - kan ein skape oversikt med å putte det i mapper - digitale porteføljer.
Det er fleire for og imot, men sjølv meiner eg at digitale tankekart gir meirverdi - pga at du har fleire mulegheiter med det digitale.
Abonner på:
Kommentarer (Atom)